For lang og tro teneste!

15.01.2016

Arne Skaare har arbeida ved Odda Mekaniske Verksted AS i 43 år.

For lang og tro teneste!

Arne Skaare har arbeida ved Odda Mekaniske Verksted AS i 43 år. Han byrja som læregut etter yrkesskulen, i 1973. Det var då Mary og Wilhelm Dagestad som tok imot han. Han har vore særs trufast og påliteleg i åra på Odda Mekaniske.

Med ei slik arbeidskarriere har ein vel fortent Noregs vels medalje for lang og tro teneste. Torsdag 14.01.16 hadde me ei markering med overrekking. Dagleg leiar Øystein Dagestad overrekte medaljen til ein overraska Arne. "Du fortener ein medalje som har arbeida gjennom tre generasjonar Dagestad".

Me gratulerer så mykje med dagen Arne!

Overrekking av medalje
Skaare og tre generasjonar med Dagestad
Skaare og Dagestad
God mat
Fotograf: Geir Olav Glomstad

 



« Abonnere på nyhetsbrev?
« tilbake

DESIGN BY INBUSINESS  POWERED BY WWW.I-TOOLS.NO