Om oss

Holmen

Me held til på Holmen Industriområde, 4 km nord for Odda sentrum. Verkstedlokala omfatter 2200 kvadratmeter.

Våre fagfolk og mykje av vårt moderne utstyr, er mobilt; ofte utfører me arbeidet ute hos kunden.  Sjølv om vår viktegaste teneste er serviceoppdrag for industribedriftane i Odda, har me gjennomført prosjekter over store deler av verda.


Me har kompetanse på flere nøkkelområder.

  • Våre ansatte har lang erfaring i vedlikehald av roterande utstyr og andre typar prosessutstyr. Me har blant anna ekspertise innan laseroppretting av maskinar, noko som er raskt og gjev høg grad av nøyaktigheit.
  • Fem av våre ansatte arbeidar spesielt med hydraulikk. I våre lokaler har me ein ParkerStore med et stort utvalg i slangar, fittings, filter og pneumatikk. Me har og ein eigen verkstad for service og overhaling av hydraulikkomponentar, og me lagar hydraulikk-slanger etter kundens spesifikasjoner.
  • Skjøiting og overhaling av transportbelter er eit av våre spesialområder.
  • I 2013 invisterte me i ein Flow Waterjet. Vannskjæreren gjev moglegheitar for 3D skjæring i metall. Den har eit 5 aksa skjærehovud, og storleiken på eit plate kan vera opp til 2000 x 6000, med ein tjukkelse på 150.
  • Konstruksjon av mekanisk utstyr ved hjelp av Auto-CAD og SolidWorks, samt styrkeberegning av konstruksjoner.
  • OMV er og kjent for kvaliteten på sine konstruksjonar i både C-stål og syrefaste materialer: stålbygg, tankar, motorfundament, ulike rammeverk og slaggkassar m.m.

 

Dette betyr at OMV er en totalleverandør som kan bidra frå planleggings- og skisse-fasen og heilt fram til installering av skreddersydd utstyr.
Allereie i 1994 etablerte Odda Mekaniske Verksted et kvalitetssikringssystem basert på ISO NS-9001.

DESIGN BY INBUSINESS  POWERED BY WWW.I-TOOLS.NO